Dette kjem til å bli ein veldig provoserande tråd så hald dykk fast. Folk med dårleg hjarte tek sjølv ansvaret når dei les tråden.
1) Visdom kjem ikkje an på intelligens eller på livserfaring. Det kjem an på mot. Visdom er for meg innsikt omsatt i praksis.
Den franske filosofen Deleuze sa om Nietzsche at den unike med Nietzsche ikkje var hans store kjeldemateriale, men at han ikkje nølte med å trekke konklusjonane av sine funn. Det er her eg meiner kjernen i visdomsproduksjon ligg. Du ser det du ser. Du aksepterer det. Og så handler du deretter. Alle veit at dei skal døy. Men kor mange handler deretter ? Kor mange veit at overvekt er skadeleg, reduserer sexlysten, lykka og helsa, men likevel ikkje gjer noko med det ? Er det mangel på intelligens som gjer dette ? Er det fordi vedkommande har lese for få bøker ? Det same med barneoppdraging. Du treng ikkje å vere Einstein for å oppdra eit barn, men jo meir visdom du har jo betre. Altså ein innsikt i kva du gjer feil, og eit mot til å innrømme dette overfor deg sjølv og så gjere dei nødvendige forandringane til det beste for deg og ditt barn.
Så grunnen til at ikkje alle mennesker over 60 år er vise er fordi dei har bygd seg opp tonnevis med forsvar imot den nakne og kalde sanninga. Ingenting galt med det. Eg dømmer dei ikkje. Eg berre seier at det er slik det er, og eg forstår dei veldig godt.
Så min tanke er denne: Livserfaringer KAN føre til visdom, men gjer ikkje det nødvendigvis, og gjer det som regel heller ikkje.
2) Folk har ulike måter å førehalde seg til livet på. Mange er fornøgd med å leve heilt vanlege liv. Kose seg med ein øl, playstation, to barn og ein Volvo. Ingenting galt med det. Mange liker det jamne liv som ofte kan fortone seg som ein berg og dalbane. Ein opplever lykkelege stunder og ein opplever ulykkelege stunder og ein er avhengig av mange ting, og ein lever i ein frykt for å tråkke folk på tærne, ein lengsel etter stadfesting ifrå andre, ein impulsivitet som av og til forårsaker stor lidelse, og ulike større eller mindre problem. Greitt nok det, men det er ikkje dette eg har lyst til. Og det er heller ikkje for desse at eg skriv postane mine. Eg skriv postane mine for dei som har lyst å gå den smale veg. For dei som har lyst å prøve noko anna enn A-4 livet. For dei som har lyst å finne sine eigne vegar her i livet og som er villig til å bite tennene saman og gjere sprø ting som folk flest kjem til å rynke i panna over. Dette er mitt publikum.