Det er to ting eg har observert i det siste:
1) Dei fleste damer eg obseverer og samtaler med har tilsynelatande meir tru på sine eigne meininger enn det menn har. Desse damene treng ikkje eingong vere vakre, også dei middels pene og til dels mindre pene damene opptrer med ei ganske urokkeleg tru på eigne meininger og synspunkter. Desse meiningane og synspunkta treng ikkje vere spesielt kloke eller reflekterte, men dei blir likevel haldt i hevd av desse damene med ei kullsviartru.
2) Dei fleste menn operer langt oftare med politisk korrekte meininger. Dei politisk korrekte meiningane er ofte forfekta for å "hjelpe" eller "beskytte" kvinner. Har ein først politisk ukorrekte meininger er ein flink til å sensurere seg sjølv i selskap med damer. Tenk om dama skulle bli støtt. Det ville vore forferdeleg.
3) Det er sexy med menn som tørr å vere seg sjølv også i samkvem med veldig attraktive kvinner som ein begjærer. Dette er vanskeleg og noko dei fleste mannfolk ikkje klarer. Dei fleste mannfolk vil gjere og seie ting i samkvem med vakre og middelsvakre kvinner som dei eigentleg ikkje kan stå inne for. Dei vil gjere dette i håp om å vinne damas gunst. Problemet er berre at alle andre mannfolk gjer akkurat det same. Dei fleste mannfolk har denne strategien: Oi, denne dama var hot, no trur eg at eg skal prøve å vere ekstra snill, hyggeleg og superfleksibel overfor ho, og då vil ho sjå at eg og ho kan bli ein match. Men igjen: Kva signaliserer din overdrivne fleksibilitet overfor denne dama ? Den signaliserer at du er svak og at du ikkje har særleg tru på deg sjølv. Du selger ditt eige produkt billig. Du er billig.
4) Damer derimot, sjølv dei overvektige damene, som byrjar å dra på åra, beheld sjølvrespekten i mykje større grad. Dei held på sine prinsipp, dei held på sin "kostbarheit", dei lever livet og nyter det utan å vere avhengig av ein mann. Menn burde la seg inspirere av damer på dette feltet.
Når menn tillet seg sjølv å bli brukt for dørmatter for damer, vel og merke utan at damer har bedd om det, så skaper dette grobunn for bitterheit. Du selger din sjølvrespekt og du håper å vinne damas gunst. Sjølv om dette skulle ha fungert (noko det ikkje gjer), så bør du aldri gjere dette.
Min hypotese er dette: Menn med sjølvrespekt blir sjeldan bitre.
Min andre oppfordring er dette: Viss du vil vere snill, ver snill mot alle. Ver snill imot fattige, rike, stygge, vakre, utovertisser, innovertisser, folk på gata, folk med penger, folk med