Viss du ikkje tåler parfymen til ein arbeidskollega(får migrene),og du har på ein fin måte sagt frå til kollegaen to gangar,men parfymen fortsatt blir brukt. Kva ville du gjort då?
Når ein i tillegg har gitt beskjed til sjefane ved fleire anledningar,og har måtte gå frå jobben fleire gangar pga parfymen. Kva gjer ein då,når sjefane fortsatt ikkje har snakka med den det gjeld etter 2-3 veker?
Er det feil av meg å gå frå jobb(i "protest") kvar gang ho har på seg parfymen? Det blir jo meir jobb/stress for dei andre kollegaene,og eg har veldig dårlig samvittighet ovenfor dei,sjølv om alle skjønnar kvifor eg går...
Skal eg heller halde ut arbeidsdagen,og gå med hodepine og migrene nesten kvar dag,av hensyn til kollegaene,eller ta hensyn til meg sjølv?