Ei venninne fekk ein "drømmedag" på brannstasjonen, med full uniform, fekk prøve "stanga", køyre utrykningsbil, handere slange og stå øverst i stigen på Simon Snorkel- bilen. Etterpå vart ho send opp i fallskjerm bak ein båt, og heilt til sist plassert i ein gummiring i sjøen bak båten. Tøffa vår :)
Ei anna venninne blei utstyrt med eingongskamera og ti billedtitlar. Må gjerast i åpningstida for fotobutikken helst, bilda blei behørig limt inn i album og lagt på utstilling i bryllupet.
Ei venninne, innfødd bergenser, blei utsett for 20 spørsmål om byen sin, som det dessverre ikkje var mulig å få rett svar på... Grøss og gru, som et slikt tap av ansikt kan herje med en stolt bergensk innvåner.. Men ho fekk eit praktverk om byen sin som premie likevel :)
Ei venninne som skulle ha dobbeltbryllup med søster si, blei henta på motorsykkel av ukjend mann og kjørt til ei øde kai der det sto et enslig bord med kvit duk, to glass og ei flaske champagne. Men fullstendig folketomt, tilsynelatande. Akkurat i det damene ankom, åpna himmelens slusar seg, så søstrene snappa sjampisen og dukka lynkjapt inn i ein ulåst bil som tilfeldivis stod der. Snarrådige damer, men det hjalp ikkje så mykje når dei skulle stå på vannski i sjøvatn som heldt 12 grader, trur eg det var... :)
Ei venninne blei plassert på ein bar, nok ein gong i Bergen, og skulle konverserast av Helge Jordal til dei andre kom... Helge Jordal syns nok dette var passelig teit, men hadde jo sagt ja til oppgåva og gjorde sitt beste for å være høflig, venninna mi var ille til mote og rødglødande av raseri når resten av oss kom...
Ei venninne fekk overrakt ein pose med ein bh frå kvar av deltakarane. Så var det hennar jobb å resonnere seg fram til kven som eigde kva for ein bh. Mykje moro og eit par sannhetens ord med på vegen mht størrelse, beskaffenhet og farge på undertøyet... :)
Altså mange, mange muligheter. Det gjeld å finne fram til kva som vil passe akkurat henne, og å planlegge godt. Planlegging er alfa og omega og mi erfaring er at det funkar best hvis gjengen har ein stad for seg sjølv, går ein på byen har det eit lag til å bli slik at ein vert spreidde for alle vindar... Lykke til Kandy, blir heilt sikkert moro! :)))