Er det andre som i staden for å vurdere om dei er noko for deg, sit og vurderer om du er noko for dei i det du er innom ein profil?
I svært mange tilfeller tek eg ikkje kontakt med nokon som verker interessante fordi eg går ut ifrå at eg kanskje ikkje er deira type, også når dei ikkje har skildra ein potensiell partnar.
Er dette forsøket på å vise respekt for at dei kanskje ikkje vil høyre frå meg ein grei måte å ta omsyn på, eller burde eg manne meg opp litt og risikere å fornærme folk ved å insinuere at eg trur eg er noko for dei?
Svaret er kanskje soleklart for nokon, men eg må innrømme at her er eg sjølv ganske usikker.