Eg forstår nok at Singel syns festane kunne flytte litt på seg aven og til, siden dei stort sett er konsentrerte til Oslo.
Men eg forstår og at det skal eit visst befolkningsgrunnlag til for at ein skal kunne holde en sånn fest. Tviler på at vi er mange nok, verken i Sogn og Fjordane eller Hedmark til at det er noke poeng i å arrangere sukkerfest i nabolaga våre, for å sei det sånn.
Det er no ein gong slik at det er flest medlemmer frå dei tettast befolka områda på østlandet her, kanskje i endå litt større grad enn dei andre datingsidene på nettet, og eg har innimellom spurt meg sjøl om det er noke poeng for meg å være her nettopp derfor. Men sukker skil seg ut frå dei andre nettopp ved muligheten til å delta på både store og små festar, i tillegg til dette forum og eit par andre ting eg likar. Har det moro her, og blir nok ei stund til, sjøl om eg ikke reknar med å snuble over mr Right akkurat her. :)