Ikkje mange innlegg her på forum blir skrivne på nynorsk. Eg trur kanskje det er fleire nynorskbrukarar enn meg her inne, men flest er jo sjølvsagt de frå det sentrale østland, og dermed er det bokmålet som rår. Og det er heilt i orden, eg er ingen ihuga måldame - som mange av dykk jo vil ha registrert... :))) Men nynorsk ligg jo mykje nærare talespråket mitt enn bokmål gjer, og eg er av dei som har eit varmt og nokså bevisst forhold til dialekta mi, i den forstand at eg vore budd så lenge borte at den på eit tidspunkt var temmeleg utvatna, og difor er eg påpasselig med å prøve å halde på det eg har , eller har funne tilbake til. Likevel har eg altså valt å bruke bokmål i profilteksten min, og skriv alltid på bokmål når eg skriv på forum. Eg trur nemlig ein blir oppfatta annleis som nynorskbrukar enn som bokmålbrukar, og difor stiller eg no følgande spørsmål: Korleis blir eg oppfatta no når eg skriv nynorsk? Er eg, eller ser de for dykk, den same vita som når eg skriv her inne på bokmål? Eller vert eg liksom litt traustare og meir sidrompa ut frå bilda som språket mitt gjev dykk?? Er veldig spent på svar og innspel her! :))))